Nedtur før ny opptur

Oppturen eg har hatt dei to-tre siste vekene stansa brått på torsdag. Kunne like gjerne lagt meg til å sove klokka 9 på jobb. Drog heimover like før klokka 2, med ei viss kjensle av nederlag, blanda med frykt for å sovne bak rattet.

Tomt batteri. Ingen energi, ville ikkje gjere anna enn å sove, sliten og hovudpine (haudeverk på godt sunnmørsk).

I dag kjenner eg heldigvis at forma er stigandes igjen. Vakna tidleg, utan hovudverk og eigentleg fit for fight. Undrar meg over om det kan vere ein kombinasjon av LS og været. Tungt vær, skyer men smålummert til tider.

Uansett, i dag skin sola, eg har fått knoska på nevøane i helga, og det er tid for sommarens vakraste eventyr.

20130630-101152.jpg

20130630-101206.jpg

20130630-101219.jpg

20130630-101214.jpg

Advertisements

Mitt himmelrike

Mitt vesle himmelrike på jord, er spelplassen på Herøya der Herøyspelet Kongens Ring blir heldt første helga i juli kvart år i… 23-24 år no.

Har vore med sidan sumaren mellom niande og tiande klasse, og det blir ikkje sommar utan ei hektisk veke med vikingar, sverd, kappleik, vårdansnatt, kjærleik, hemn, drap og livsens gong på Herøy for ca 1000 år sidan.

Eg har i mange år sprunge rundt på haugane med sverd, dansa, leika og sunge, men i år har eg bikka over i dei eldre sine rekker (tru det eller ei). Prøvar meg i år som sufflør. Ny utfordring, men eg er fortsatt med på leiken, saman med 200 andre amatørar og proffar.

Eg får gåsehud berre av å tenke på siste scena, der alle aktørane står på scena og syng siste verset av Herøy Havland saman.

Skapt av eld i allheims buk,
fødd i kalde havsens djup –
øyars unge havland.
Stig mot himlars høge rom,
står i år og ævedom
øyars gamle havland.

Ropar stormen sterk og vilt,
kviskrar vårvind mjukt og mildt –
øyars herja havland.
Grånar berget, svartnar fjell –
blømer lyngen, skrik ein tjeld –
øyars vakre havland.

Havsens me og merkestein,
fuglars fjell og ytste grein –
øyars ville havland.
Livet fekk eg eingong her.
Eingong går vår siste ferd
ut frå Herøy havland.
20130627-210444.jpg

20130627-210458.jpg

20130627-210506.jpg

20130627-210513.jpg

Byrjinga

Kvardagen flyg forbi, som i ein kraftig døs. Likar det ikkje, utsleten etter jobb. Må sove, så som dagen før, og dagen før der igjen. Kroppen lystrar ikkje. Vil ut, bruke kroppen.

Vaknar, like sliten som før eg sovna. Går rundt som ein levandes død til det er akseptabelt å legge seg for kvelden.

Bråvaknar av vekkarklokka, like sliten og tom for energi som morgonen før.

Fanga, i eigen kropp.

Går kvar dag med «tåkehjerne». Eig ikkje konsentrasjon, hukommelsen sviktar. Lik null energi, vere sosial? Greitt det, men med føresetnad at eg då får ligge på sofaen dagen etter for å hente meg inn. Livet med ein ubehandla kronisk/autoimmun sjukdom har ikkje vore lett. Er det ikkje berre å «ta seg saman»? Dørstokkmila er lang og høg for alle, alle er slitne etter jobb, er vel ikkje noko spesielt med det.

Skal ein då slå seg til ro med dette? At dette er slik alle har det? Speglbiletet som ein får av naboane, bekjente, slekt og vener på Facebook er eit vrengt bilete på korleis folk har det. Er eg då einaste som ligg på sofaen og ikkje har nok energi til å gå på skitur i påska? Dette vellukka biletet av kjente er tungt å ha i bakhovudet når ein sjølv ikkje klarar.

Eg er 26 år gamal, realistisk optimist med eit snev av pesimistisk innslag, interessert i fotografi, er engasjert i musikkorps og sterkt inne i den lokale Røde Kors foreininga. Har kjærast og fulltidsjobb.
Samstundes har eg fått ein merkelapp som heiter «lågt stoffskifte». Denne merkelappen betyr at når eg ikkje er på korpskveld med Hjelpekorpset eller musikkorpset eller på jobb, så har eg dei siste par-tre-fire åra hatt sofaen som besteven. Til tider har livet vore som å symje i sirup.

Fekk diagnosen etter ei sjukemelding i april 2013, og har respondert utruleg bra på medisinen. Har fortsatt ein veg å gå, men ting er på veg opp. Kjensla av å kunne gå ein hard treningstur fleire gongar i veka, og fortsatt ha energi til å ta oppvasken og legge saman kle… Den kjensla kan ikkje beskrivast for folk som ikkje har opplevd den utmattinga ein slik sjukdom gir deg.

Denne bloggen. Kva er målet med den? Eg er ikkje heilt sikker på det sjølv endå, tida får sette sitt preg på det.

20130625-131643.jpg