Byrjinga

Kvardagen flyg forbi, som i ein kraftig døs. Likar det ikkje, utsleten etter jobb. Må sove, så som dagen før, og dagen før der igjen. Kroppen lystrar ikkje. Vil ut, bruke kroppen.

Vaknar, like sliten som før eg sovna. Går rundt som ein levandes død til det er akseptabelt å legge seg for kvelden.

Bråvaknar av vekkarklokka, like sliten og tom for energi som morgonen før.

Fanga, i eigen kropp.

Går kvar dag med «tåkehjerne». Eig ikkje konsentrasjon, hukommelsen sviktar. Lik null energi, vere sosial? Greitt det, men med føresetnad at eg då får ligge på sofaen dagen etter for å hente meg inn. Livet med ein ubehandla kronisk/autoimmun sjukdom har ikkje vore lett. Er det ikkje berre å «ta seg saman»? Dørstokkmila er lang og høg for alle, alle er slitne etter jobb, er vel ikkje noko spesielt med det.

Skal ein då slå seg til ro med dette? At dette er slik alle har det? Speglbiletet som ein får av naboane, bekjente, slekt og vener på Facebook er eit vrengt bilete på korleis folk har det. Er eg då einaste som ligg på sofaen og ikkje har nok energi til å gå på skitur i påska? Dette vellukka biletet av kjente er tungt å ha i bakhovudet når ein sjølv ikkje klarar.

Eg er 26 år gamal, realistisk optimist med eit snev av pesimistisk innslag, interessert i fotografi, er engasjert i musikkorps og sterkt inne i den lokale Røde Kors foreininga. Har kjærast og fulltidsjobb.
Samstundes har eg fått ein merkelapp som heiter «lågt stoffskifte». Denne merkelappen betyr at når eg ikkje er på korpskveld med Hjelpekorpset eller musikkorpset eller på jobb, så har eg dei siste par-tre-fire åra hatt sofaen som besteven. Til tider har livet vore som å symje i sirup.

Fekk diagnosen etter ei sjukemelding i april 2013, og har respondert utruleg bra på medisinen. Har fortsatt ein veg å gå, men ting er på veg opp. Kjensla av å kunne gå ein hard treningstur fleire gongar i veka, og fortsatt ha energi til å ta oppvasken og legge saman kle… Den kjensla kan ikkje beskrivast for folk som ikkje har opplevd den utmattinga ein slik sjukdom gir deg.

Denne bloggen. Kva er målet med den? Eg er ikkje heilt sikker på det sjølv endå, tida får sette sitt preg på det.

20130625-131643.jpg

Advertisements

Legg att ein kommentar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s