Mitt himmelrike

Mitt vesle himmelrike på jord, er spelplassen på Herøya der Herøyspelet Kongens Ring blir heldt første helga i juli kvart år i… 23-24 år no.

Har vore med sidan sumaren mellom niande og tiande klasse, og det blir ikkje sommar utan ei hektisk veke med vikingar, sverd, kappleik, vårdansnatt, kjærleik, hemn, drap og livsens gong på Herøy for ca 1000 år sidan.

Eg har i mange år sprunge rundt på haugane med sverd, dansa, leika og sunge, men i år har eg bikka over i dei eldre sine rekker (tru det eller ei). Prøvar meg i år som sufflør. Ny utfordring, men eg er fortsatt med på leiken, saman med 200 andre amatørar og proffar.

Eg får gåsehud berre av å tenke på siste scena, der alle aktørane står på scena og syng siste verset av Herøy Havland saman.

Skapt av eld i allheims buk,
fødd i kalde havsens djup –
øyars unge havland.
Stig mot himlars høge rom,
står i år og ævedom
øyars gamle havland.

Ropar stormen sterk og vilt,
kviskrar vårvind mjukt og mildt –
øyars herja havland.
Grånar berget, svartnar fjell –
blømer lyngen, skrik ein tjeld –
øyars vakre havland.

Havsens me og merkestein,
fuglars fjell og ytste grein –
øyars ville havland.
Livet fekk eg eingong her.
Eingong går vår siste ferd
ut frå Herøy havland.
20130627-210444.jpg

20130627-210458.jpg

20130627-210506.jpg

20130627-210513.jpg

Advertisements

Legg att ein kommentar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s