Sumaridyll

Har brukt 2 1/2 dag på idylliske Ravnøy i Stokke i Vestfold. Eigentleg ein feriekoloni for tilsette ved Norske Amerika Linjer. I dag er det ein stiftelse som har eigarskapet til øya.

Mannen har kjenningar som er medlemmar i stiftinga, som vi besøkte der.

Solcellepanel forsyner hyttene med nok straum til litt lys/lading av mobiltelefonar, utedo, ingen dusj eller tv.

Grilling, bading, kortspel, strandkrabbefisking, kubb osv osv. Har fått nok frisk luft og sol til å vare eit par veker no. 😄

20130726-124031.jpg

20130726-124015.jpg

Advertisements

Ut på tur, aldri sur :)

Dagane går raskt i godt lag. Har ferie, og kjenner på kroppen at det er sjukt godt med sol og mellom 20 og 23 grader fleire dagar på rad, då Sunnmørsveiret ikkje har vore noko særleg å skryte av i juni og juli.

Førre veke var småhektisk med førebuing av Europaligakvalik på Høddvoll, før me drog på god gamaldags bilferie fredags morgon. Gleda var stor då me møtte sol og blå himmel i Romsdalen.
Første stopp blei på hytta til svigers på Lesja. Kortbuksa på, for her blei det brått ein temperatur som ikkje likna på noko eg har kjent før i år!

Vidare gjekk turen til Lillehammer, der vi brukte ei natt på hotell, før vi var turistar og brukte nokre timar på Maihaugen. Neste stopp blei Arendal, etter 4 mislykka forsøk på å skaffe campinghytte. Angrar definitivt ikkje på dette, då me åt middag i kjellarrestauranten til Clarion. Annonserte med byens beste biff. Eg trur dette måltidet ligg på topplassering av det eg har ete på restaurant nokon sinne! Småsjabby stad, men herregud, nytelse frå første bit!

Etter Arendal, køyrde vi den siste etappa mot Lindesnes. Har ein del familie i området som vi ville «overraske», men har på følelsen nokon heime sladra om at vi kom. Var i alle fall ei glad mormor som tok i mot oss på Vigeland søndag føremiddag. Diska opp med mormors kjøtkaker. Ingenting som sei mormor og Sørlandet meir enn mormora sine kjøtkaker. Kvar gong!

Me tok ein tur til Tjøm for å nyte sola, og trur du ikkje det blei årets første bad, etter litt om og men? Ei skjult perle, Tjøm. Svært få turistar som kjennet plassen, stort sett lokale heltar som er der. Temperaturen var det ingenting å sei på, litt kjølig til å begynne med, men vi tok ei runde med vannfrisbee.
Klokka var vel berre bikka 18 då me var tilbake på Vigeland. Kvelden var fortsatt ung og varm, så me tok den obligatoriske turen til Lindesnes fyr.

Måndag blei vi invitert på hytta til tanta mi. Hytta ligg ca 20 minutt frå Vigeland, men hadde aldri funne fram utan guide. To av søskenbarna med familie var på plass og, så det blei mest eit lite familieselskap.

Ein meir idyllisk plass en hytta, det trur eg ein skal leite lenge etter. Badetempetaturen i vatnet låg på ca 23 grader. Ikkje værst for to bleike klimaflyktningar frå Sunnmøre!

Avreise tysdag, med mormor si toskakake og skillingsbollar i bagasjen drog me austover. Eit par-3-4 timar i Dyreparken var vi, i håp om å få sjå dei største dyra. Diverre glimta både løve og ulv med sitt fråvær, men 4 gauper poserte i foringsområdet, medan dei 4 jervane leika i sitt område. I tillegg poserte to av tigrane, men på så lang avstand at mitt objektiv kom litt for kort. Merk: ønske til jul. ;)

No er vi i Skien, vårt 4 fylke/stoppestad. Dei neste dagane blir ute på ei ferieøy saman med nokre kjenningar av Mannen.

20130724-054505.jpg

20130724-054531.jpg

20130724-054613.jpg

20130724-054633.jpg

20130724-054621.jpg

20130724-054642.jpg