Abstinensar…

Tilbake i god gamal blogg-form. Eit innlegg i halvåret. Maks. Skal sjølvsagt gjere eit betre forsøk på å oppdatere med høgare frekvens enn kva eg har gjort til no, men livet går sin gong.

Har kjøpt hus/leiligheit/rekkebustad-greie, flytta, fått sambuar, spelt konsert(ar),  arrangert kurs, jobba. Same old, nothing new really.

No når det nærmar seg NM for brassband, og etter ein kjapp tur til Sjøholt tidlegare i veka for å høyre Ørskog Brass spele Paganini Variations av Philip Wilby, så kjenner eg STERKT på nokon abstinensar eg ikkje har hatt før. Brass-abstinensar. Er snart eit år sidan eg var nødt til å innsjå at å bruke ca 1 arbeidsdag kvar onsdag i Ørskog ikkje var sunt i lengda. Å ligge langflat etter ei laaaaang NM-oppkøyring kvar februar tek på når forma ikkje har vore på topp dei siste åra. Sjølv kor kjekt og givande det er. Tok eit val i mars om å ta pause, før eg innsåg at det kanskje var det beste eg kunne gjere for meg sjølv og helsa mi. Saknar brassband og fine folk på Sjøholt, men har fått ei kjempegod «erstatning» i Ulsteinvik i Musikklaget ULF. Vil ikkje vere forutan denne gjengen no, sjølv om det er noko spesielt å spele i brassband. Eg veit i alle fall at eg og strikket kjem til å sitje klistra til pc’en og TV2 Sumo som streamar HEILE #NMBrass. Gratis abonnement har dei og, i samband med #NMBrass.. (Ok, kanskje dei gjer det grunna OL, men synast det ser betre ut med #NMBrass. ;) )