UFO-landing

Innsåg rimeleg brått og brutalt at eg er smitta av startitis. Det hadde ikkje vore så gale så lenge eg hadde avslutta prosjekta etter kvart.

Så, for å motivere meg sjølv til å gjere desse ferdige, blir dei lagt ut her til spott og spe/lovprising/heiing. Skal ikkje legge opp til noko nytt før eit prosjekt er ferdig. Nokre UFO’ar må ein ha å bytte mellom synast eg.

1. Mariusgenser med rund sal:
Mariusgenseren er strikka i grå Smart frå Sandnes Garn. Bolen og begge armane er ferdige, har sett armane på rundpinnen, men så stoppa det litt opp for meg. Synast det er knotete å strikke, og har fått så store hol i under armane. Ventar på besøk/eksperthjelp.
Ravelry

2. Hals i kauni:
Rekkte opp første forsøk. Har begynt på mønsteret, men har strikka feil ein eller annan plass. Skjer alltid slikt når eg strikkar i halvsøvne på kveldstid. Må rekke opp litt og gjere eit nytt forsøk. Første gong eg prøvar meg på kast, så tok ei lita evigheit for å forstå oppskrifta.
Ravelry
Oppskrift

3. Enkle sokkar:
Grå og gulstripete sokkar i Arwetta classic. Fan-friggin-tastic garn, og slik ei kjekk oppskrift! Går superraskt å strikke pga stripene. Står igjen å strikke tå på den eine sokken og feste trådar.
Oppskrift

4. Til-meg-lue:
Rekkte opp, synast ikkje noko om oppskrifta/designet kom eg fram til. Garnet fekk eg i Malsen og Mor sin tilMEG-pakke, 3 nøster med Shetland Soft. Deilig garn. Har allereie funne bruk for garnet, sjå neste punkt.

5. Sinnasaugenser str 1,5 år
Skal eigentleg strikkast i Kauni/Rauma finull, men såg ein versjon på Ravelry strikka med Shetland Soft. Gir det eit forsøk. La opp i går kveld, og grunna lenge på om eg skulle strikke forlenga rygg. Ga meg då eg ikkje forsto heilt korleis ein gjer det. Superherleg garn å strikke med, veldig spent på resultatet. Blir det ok/bra, så blir det kanskje genser til alle 3 nevøane mine.
Ravelry
Oppskrift

6. Skjerf med lange kast:
Trur denne blir rekkt opp snart, blir ikkje noko fint skjerf. Strikka i Nordlys frå Viking.

Har eg fått ferdig noko i løpet av påska?? Nope.

Advertisements

Til meg!

Herregud, har de sett noko så lekkert?
Fekk ein e-post frå Malsen og Mor om at eg mest sannsynleg fekk pakke i posten i dag, og jauda, ein time etter dukka postbilen opp med pakke til meg med påskegodt. Ventar på ein pakke til som forhåpentlegvis kjem i morgon. Då kan påska berre kome.

Uansett; bestilte pakken tilMEG! Denne består av tre forundring/inspirasjonspakkar til meg sjølv. Pakkane blir sendt ut med omlag 6 vekers mellomrom, og i dag kom altså pakke nr 1. Mønster kom på e-post, men er litt usikker på om eg skal strikke hua eller ikkje. Skal sove på det før eg eventuelt legg opp.

Sidan sambuaren er på sjøen i påska, trur eg at eg, kameraet og garnlageret får kvalitetstid i lag, så kanskje eg får litt meir fyll på Ravelry-sida mi. Sunnmøre har ikkje vist seg frå si beste side dei siste dagane, med gråvær, vind og regn/snø/sludd, men trur likevel det blir nokre turar ut i løpet av veka. Satsar på god-vær og ikkje fullt så grått ein av kveldane, slik at eg får tatt meg ein tur til lundeura på Runde.

3 nøster Shetland Soft frå Malsen&Mor.

3 nøster Shetland Soft frå Malsen&Mor.

Shetland Soft Blekk

Shetland Soft Blekk. Denne fargen har eg forelska meg i, så utruleg vakker. Fargen er litt mørkare og har eit lite grønskjær i verkelegheita.

 

Shetland Soft Calypso.

Shetland Soft Calypso.

Shetland Soft Skumring

Shetland Soft Skumring

#NMjan

Siste vekene har det ikkje blitt tid til så mykje anna enn #NMjan. Øving med musikklaget fredag, laurdag, søndag, mandag og i dag onsdag før avreise i morgon. Vi spelar fredag rundt 18.30 dersom alt går etter planen.

Tradisjonen tru, så kjenner eg på ein raspete hals. Sist eg var med til Trondheim, blei eg sjuk onsdagen før. Sat på scena med feber, tjukk hals, rennande nase og topp i øyrene. Kunne likevel ikkje ha spelt så utruleg dårleg, sidan vi vann divisjonen. Satsar på at delar av dette gjentek seg i år. Den delen om å vinne divisjonen altså! Det ryktast at nabokorpset i same divisjon er i knallform, men dette tek vi som ei grei utfordring.

Har leita lenge etter ein god personleg almanakk. For meg der innslag av hjernetåke og dårleg hukommelse slår til tidt og ofte er kalenderen livsviktig. Har eg ikkje skrive ned avtalar og tidspunkt og ting eg skal hugse, så er sannsynlegheita for at det går i den berykta gløymeboka svært høg.

Mobiltelefon, kalender på jobb, Røde kors kalender, øvingstider, personlege avtalar og synfaringar/jobbavtalar alle i ein kalender fungerar dårleg for meg. Synast dei kalenderane ein får på mobiltelefon er dårlege, må synkroniserast hit og dit for å få med alt. Gleda var stor då eg, etter timar med surfing på nett fann ei nettside som let deg designe din eigen almanakk. Alt frå design på framsida til korleis vekeoversikta skal sjå ut, til kva vedlegg ein vil ha bakerst. Trur nok ei ny bok vil bli bestilt i god tid før nyttår neste gong.

20140402-091123.jpg20140402-091113.jpg