Ankelsokkane Belly

Årre heitandes det, som han kunne lira av seg, Kjell Kjellen. Eg har gjort ferdig eit sokkepar, festa trådar OG tatt bilete, alt på under ei veke! Passar seg med eit sunnmørsk kraftuttrykk då kanskje.

Uformelt har ein uformell sokkealong, og eg har sett så mange fine ankelsokkar av ein ei dame som kallar seg Wims/Trude. Sjå vekk frå at eg aldri har strikka fletter og det er ikkje lenge sidan eg fann ut korleis eit kast skulle gjerast, men desse sokkane var eg berre nødt til å strikke. Eg har mykje ein god del Arwetta classic liggande, i forskjellige fargar. Tenkte at eit enkelt kvitt/naturell par hadde gjort seg, så soleis blei valet på farge enkelt.

Oppskrifta er veldig grei å forstå, og ho har til og med lagt ved ei lita beskriving på korleis ein lagar flettene. Som sagt så gjort, første sokk var ferdig på same kveld som den blei lagt opp. Sokk nr 2 tok litt lenger tid grunna at enkelte (les: Strikkaren) har vore heilt utslått på ettermiddagane denne veka. I går tok eg derimot motet til meg og fekk ferdig sokken og festa trådane. Morgonen i dag har vist seg frå si beste side, med blå himmel og god temperatur, så kameraet blei leita fram og trur du ikkje det blei bilete av det og…

Biletedryss! Håpar ingen tek seg nær av dei kvite føta mine, det er tross alt tidleg på sommaren enda.

Ankelsokkar Belly IMG_8916 IMG_8917 IMG_8918Infoboks:
Oppskrift av Wims
Garn: Filcolana Arwetta Classic nr 101
Vekt: 42 g
Ravelry

 

Advertisements