Fru Terje Vigen

Eg har ei svigermor. Eller, teknisk sett ikkje svigermor heilt endå, men så nært som det går.

Først fann eg fram dei fargane eg sjølv ville ha. Så kom eg fram til at desse hadde svigermor mi likt utruleg godt. Som sagt, så gjort. Dei blei strikka litt kortare enn oppskrifta, fordi å strikke 2r2vr i 20 cm x2 kjennes ut som ei evigheit. Trur eg endte på 15-16 cm, og sidan ho (svigermora ja) er noko kortare i armane enn meg, så tenkte eg at det ikkje gjor så mykje.

Nr 1 blei ferdig, så drøya den i zip-lock-posen i garnkorga ein månad. Ferien kom, og eg og Mannen drog på ferie. Første stopp Valldal og bursdagsfeiring til tidlegare nemnt svigermor. Kanskje eg skulle fått ferdig den andre vanten, slik at ho sånn offisielt kunne få desse på bursdagen?

Ja, eg blei ferdig, men verken festa trådar eller gitt dei eit lite bad før dagen. Eg trur dei fell godt i smak, og som alle strikkerar kjenner til, så får du spørsmål frå andre om «ååh, kan ikkje du strikke eit par slike til meg og??». Hashtag smiskefjes.

Sidan eg er grei, så kan det hende det blir eit par til jul.

Mønster: Ann Myhre aka Pinneguri
Garn: Filcolana Arwetta, grå og litt grønt og litt rosa.
Vekt: Hugsar ikkje.
Ravelry

Pulsvantar 1

(Har eg nemnt at det ikkje er heilt beinkløvd å ta bilete av sine eigne hender?)

Pulsvantar 2