Hannah hue

Eg følgjer ein god del strikke-folk på Twitter, Instagram og Facebook. Ein av dei som går igjen er Marion R, frå Marion R Design.  Dama bak #some-lua, rockelua og ei heil drøss med andre hue-design. Ho la nyss ut eit bilete av ei rå-kul, knæsj blå, perlestrikka hue. Eg fell pladask for blåfargen, då eg såg hua strikka i ein annan farge tenkte eg berre «Æsj..» Så feil kan ein ta.

Uansett, garnpakke blei bestilt på e-post. Hua er originalt strikka i ein tråd new zealand lammeull (trur eg) og ein tråd alpakka. Vi har allereie konstantert at eg ikkje er så glad i alpakka, så då ho informerte at den #Høddblå hua eg fell for var strikka i dobbel NZ, synast eg det var heilt greitt.

Då eg opna pakken i posten låg følgjande med:

15268802755_8a4bb3166c_o

Herregud, snakkar vi service her, eller? Og akkurat den turkis-blå-grøne fargen eg elskar.

Til trass for at eg eeeeeigentleg har stopp på opplegging av nye strikk pga UFOSeptember, så sneik eg meg til å legge opp denne då eg og sambuaren skulle til Loen. Er nokre timar i bil tur-retur, så tenkte at eg sikkert blir ferdig i løpet av køyreturen. Eg hadde nesten rett, men det var toppen ein times arbeid som stod att då vi kom heim. Trådane blei til og med festa like etter at hua var felt av. Er det UFOSeptember så er det UFOSeptember.

15245797736_683df0e24d_o

15082064419_4662b1292b_o

Mønsteret kan du få kjøpt hos Marion R sin nettbutikk når den opnar, på Ravelry eller på e-post til Marion.

Beklagar kjempedårlege mobilkamera/instagramredigerte bilder, men sambuaren har reist på sjø og det er noko kleint å prøve å ta bileter av seg sjølv med 50mm fastobjektiv..  Beklagar og for trøttetryne.

 

Advertisements

Legg att ein kommentar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s