Nøkken under brua

Laurdag vakna eg til eit landskap tatt over at Kong Frost.hareidrotary
Då det lysna litt av dag drog eg på meg ulla mi, tok med kameraet og eit par ferdige strikkeprosjekt og gjekk meg ein tur langs elva.

Då Vottelauget ga ut Votter fra Eventyrskogen tidlegare i haust, så var det eit vottepar som absolutt skreik «IDA, STRIKK MEG! NO!»
Mønsteret er «Nøkken», laga av Merete Toft frå Monstermønster. Dette votteparet er eit stort første-gong strikk. Første gong eg strikkar vottar, første gong eg strikkar lus, første gong eg strikkar så mykje mønster.

Eg treng vel ikkje sei stort anna enn at den eine votten er litt strammare enn den andre, då eg fann ein slags teknikk på vott nr 2. Vottane er uansett godt brukbare, strikka i Pickles Pure Wool (einaste eg hadde lett tilgjengeleg i rette fargane).

Endre noko på mansjetten, strikka vrangbord med 1r 1vr i staden for den som er gitt i mønsteret. Det blir ikkje siste gong eg strikkar desse vottane, og eg trur eg har eit par nevøar som LETT ønsker seg eit par slike til jul til ein eller annan samanheng.

Om vottane:
Ravelry
Strikka i Pickles Pure Wool
Størrelse: Dame

IMG_0306

 

IMG_0303Vottane i sitt rette element, under ei av bruene langs elva ikkje langt frå der eg bur.

 

 

Advertisements

Augusta&Sokkelo

I oktober blei det starta opp pulsvarmaralong på Uformelt. Pulsvarmarar og vottar er noko av det eg har hatt lys til å strikke lenge, men dette fenomenet som kallast «tommel» har stogga meg.

Augusta:

Eit av alternativa i oktober var frk Badegakk sine pulsvantar «Augusta». Eit søtt par med falske fletter. Eg er litt over middels glad i mønstra til Lena, så dette passa meg ypperleg. I mangel på anna garn, så la eg opp i *surprise* grå Arwetta Classic. Ein baktanke med dette er at då kan desse gå til svigermor, dersom eg ikkje likar dei når dei er ferdige.

Trur desse blei ferdige i løpet av ei helg. Tomlane gjekk strålandes. Eg kan forstå at desse kan vere eit ork å ta att, dersom ein legg dei frå seg utan å gjere dei heilt ferdige med ein gong. Heldigvis kjenner eg meg sjølv så godt at eg ikkje la dei frå meg. Tomlane blei strikka på no-time, trådane festa og vips! Eit par pulsvantar som havna rett i gåvekassa. i veska til svigermor etter besøk.

AugustaAugusta

Sokkelo:

I oktober fekk vi valet mellom 3 forskjellige mønster, og eg fell sjølvsagt for alle tre. Mønstra blei lasta ned, og eg kasta kjapt frå meg 2 av mønstra til fordel for Sokkelo. Definitivt det best skrivne mønsteret av dei. Mønsteret kjem i to forskjellige størrelsar, i to forskjellige utgåver (ein med tommel og ein kortare versjon utan tommel.

Sokkelo er finsk og betyr labyrint. Det har altså ingenting med lo i sokkar å gjere, som min første tanke var…
Vante nr 1 gjekk ganske greitt å strikke. La originalt opp til str L, men innsåg raskt at skal desse brukast av meg, så må eg ned ein størrelse. Vante nr 2 gjekk det noko saktare med. Blei ein del bakoverstrikk grunna trøtte auger, men den blei ferdig i løpet av nokre dagar den og.

Eg elskar desse, og har brukt dei mykje allereie. Skulle eg gjort noko annleis så hadde det vore å strikka færre aukingar for tommelen, den blei litt vel vid. Ordna dette ved å «juksa litt» med nål og tråd.

Sokkelo er strikka i Maskepigen Castle Anthrax, og veg omlag 47g. Nytta difor under halve nøstet, og har nok til enda eit par, eller eit par sokkar, eller…

IMG_0290IMG_0292

 

Konklusjon:

Tomlar er ikkje vanskeleg å strikke. Berre ein tek dei med ein gong.

(Beklagar dårlege mobilbilete, men november er ein særs dårleg fotomånad dersom ein er avhengig av 1. Godt naturleg lys, og 2. det er og særs vanskeleg å fotografere pulsvantar utan ein modell tilgjengeleg.)