Wibbly Wobbly Timey Wimey stuff

Det var denne vottedilla då.

Frå å kvi seg for i det heile tatt å TENKE på å lære meg å strikke tommel, så har dei siste 3-4-5 prosjekta mine vore i kategorien «vottar». Gjerne med mønster. Enten fletting eller med fargar. Uansett. Eitt par er ferdig, og eg har 2 par til på gong. Har også meldt meg på pulsvarmar-alongen på Uformelt, så det blir no nokre pulsvarmarar i løpet av dei neste månadane og.

I fleire år har eg vore «Whovian». For dei som ikkje kjenner uttrykket er det fans av tv-serien «Dr Who«. Kort fortalt handlar Dr Who om ein tidsreisar frå planeten Gallifrey. Romskipet hans er ein TARDIS (forkorting for Time And Relative Dimension(s) In Space), og på grunn av ein funksjonssvikt i kameleonkretsen ser den ut som ein gamal, blå, politiboks. Den er og større på innsida enn på utsida.

I ei av mine favorittepisoder (Don’t Blink) kjem Doktoren med følgjande sitat:

People assume that time is a strict progression of cause to effect, but *actually* from a non-linear, non-subjective viewpoint – it’s more like a big ball of wibbly wobbly… time-y wimey… stuff..

Cue: Vottar. Heilt sidan eg såg dette votteparet på Ravelry visste eg at den dagen eg kom over strikke-tomlar-kneika, så skulle eg strikke desse.

IMG_2307

Blå politiboks. Og minions. Og meg.

Vottane er strikka i kauni effektgarn og veg totalt 67 g. Dvs, det eine nøstet er heilt vanleg grått, det andre er sånn rosa-lilla-ish. Originalt håpte eg at dei skulle bli hakket meir rosa enn kva dei blei, men eg synast dei er fine uansett. Til og med mor mi synast at dei var fine, sjølv om ho ikkje forsto noko av symbolikken i dei.

IMG_0465 IMG_0467IMG_0459

 

På begge vottane er det ein «Weeping Angel». Det er eit utanomjordisk vesen som ser ut som ein statue når nokon ser på dei. Når du ikkje ser på dei, blir dei levande (derav Don’t Blink) og dei lever av å sende folk tilbake i tid. Det er komplisert, og antageligvis ei av mine favorittepisoder.

Venstrevotten har teksta Wibbly Wobbly medan høgrevotten har Timey Wimey. Snur ein høgrevotten, så ser ein at det også står «Stuff» inne i handflata. I tillegg til ein heil masse små tardis’ar.

«IMG_0458

Då eg gjekk gjennom ein del av dei ferdige prosjekta på Ravelry, såg eg at ein del av dei hadde logoen til Dr Who på eine tommelen. Melding sendt til opphavet, og mønsteret dukka opp på e-post like etter. (Link til dette står i notatane på Ravelry). Logoen er berre på den eine votten, den andre har heil-grå tommel.

IMG_0454

 

Eg er kjempenøgd med vottane, dei er vaska på 30 grader med ullvaskemiddel, og dampa lett med strykejarn for å få fram mønsteret.  Sånn totalt sett så veit eg ikkje kor smart det var å bruke Kauni, sidan det er typisk klø-garn, men det kan hende eg kan venne meg til dette etter kvart. Viss ikkje kjenner eg mang ein Whovian som gjerne tek over desse vottane.

Ravelry-link.

 

 

 

Slytherin pulsvarmarar (aka Nalu)

Uformelt sin pulsvarmar-along fortsetter i 2015. I fjor strikka eg 2 av 3 månadar, der desember gjekk ut. Eg prøvde meg på eit par, men ingen av desember sine val fell verkeleg i smak.

I januar derimot, var det eit par som utmerka seg. I mangel på anna brukandes garn tok eg ein råsjans på at eit av hespa med Madeline Tosh Merino Light i farge Tannenbaum passa. Ignorerte alt som heitte strikkefastheit, la opp i minste størrelse og strikka i veg. Kvar av vantane blei strikka over kvar sin kveld. Vel og merke rundt 10 dagar mellom dei, på grunn av at strikkaren sjølv var noko opptatt med musikkøvingar og konsertar. (7/8 øvingar og 2 konsertar frå 1.januar til 10. januar.)

Uansett, pulsvarmarane er strikka på pinne 3, den minste størrelsen i oppskrifta.

Dei minner meg merkeleg nok om våpenskjoldet til Slytherin house. Frå Harry Potter. Smaragdgrønne og deilig lette. Nesten for lette, dei veg heile 23 gram… (!)

Vantane er kanskje litt i minste laget til mine hender, så det spørs om dei landar i gåvekorga.

Ravelry.

Nalu

 

PS: Merino Light er noko dritt å rekke opp. Ikkje strikk feil.