Slumreteppet Unni

Heilt sidan eg blei bitt av strikkebasillen (for litt over eit år sidan), har eg hatt lyst til å strikke fleire av Ann Myhre sine design. Eg har veldig mange av dei i favorittane mine og i biblioteket på Ravelry, men som fersk strikkedame så såg eg meg nødt til å strikke ein del andre prosjekt før eg heiv meg på mønsterstrikk og klipping og heile den delen der.

Det prosjektet som tiltala meg aller mest av alle, var nok Slumreteppet Unni. 24 rader, 360 ugler.

I fjor sommar bestilte eg garnpakke med Malsen og Mor, men bestillinga mi på garnpakken kom i det ho heldt på skifte frå uvaska Shetland Soft til vaska Shetland Soft. Eg smørte meg med tolmod, og fekk tilsendt ein garnpakke med vaska Shetland Soft etter ei stund. Etter å ha prøvd garnet, så trur eg at dette er eit av dei beste garna eg har prøvd til no. Så lett, så… Evigvarande. Eit nøste varar og varar og varar. Eg har hatt ein del første gongs utfordringar med dette prosjektet. Det er eit STORT prosjekt, det største eg har begitt meg ut på, spyttspleising (eg brukte vatn), opplukking av masker til kantar, klipp-i-strikk, klipp-i-strikk utan å sy først og attersting. (Seriøst, har eg nemnt at eg ikkje har vore så veldig handarbeid-interessert før??)

Teppet måler omlag 100 cm x 190 cm og veg heile 464 g. Sidan det er mønsterstrikk er det dobbel tråd heile vegen og med det resultat at det er lett, tynt og kjempevarmt. Slumreteppet blei lagt opp i slutten av november 2014, og eg brukte litt over tre månadar på prosjektet.

Fargane eg har brukt er kvit botnfarge, drivved, konfekt, mynte, calypso, skog og firkløver. På ein merkeleg måte går fargane igjen både i sofa, pute OG spisestuestolane.

Meir informasjon om teppet ligg på prosjektsida på Ravelry.

IMG_0523

IMG_0497

IMG_0531

Advertisements

5 thoughts on “Slumreteppet Unni

  1. Ser ut som du har taklet utfordringene på strak arm! Nydelig teppe!! Jeg måtte se nærmere på garnet du skriver så godt om, tror det må prøves :)

Legg att ein kommentar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s