15 i 15: Klipp i strikk!

Eg har eitt strikkerelatert nyttårsføresett i 2015. 15 nye «ting» i 2015. Eg skal rett og slett gjere 15 strikkerelaterte ting eg aldri har gjort før. Det kan vere så enkelt som ein ny teknikk, ein ny måte å strikke sokkehæl på, teknisk utføringar osv. Veldig open kategori med andre ord. Det siste året har eg sett mange som skriv at dei ikkje tør å begi seg ut på nye ting, at det er skummelt/vanskeleg/sett inn adjektiv her å gjere ditt eller datt. Før eg prøvar nye ting er det sjølvsagt skummelt/vanskeleg, men frå no av så sei eg som Pippi/Astrid Lindgren: «Det har eg aldri prøvd før, så det kan eg sikkert».

«Det har eg aldri prøvd før, så det kan eg sikkert»

Pippi

Først ut i 2015 er noko som eg så fint har nytta hashtaggen #klippistrikk på instagram og twitter til. I staden for å strikke t.d. kofter fram og tilbake (med mønster, to trådar og slikt tjafs), så strikkar ein rundt, legg opp ekstra masker til å klippe i, klipper og syr. Herregud, klippe i strikketøy??? I mange strikke-grupper på Facebook er dette ein gjengangar. Mange tør ikkje klippe i strikk, så dei strikkar fram og tilbake i staden. Dette må no vere heilt ok det, men eg har ikkje lik strikkefastheit på vranga som på retta, og eg har strikka ein prøvelapp med mønster fram og tilbake, og mønster på vranga, DET er vanskeleg det…bilde 1 (1)

Så, for å utførdre meg enda litt til, så strikka eg Slumreteppet Unni i rein ull. I følgje Ann Myhre (her, her og her) så er det ikkje nødvendig å sy med maskin for å forsterke kanten/hindre at kanten raknar. Merk: Dette gjeld berre rein ull! Superwash-behandla ull, eller andre glatte garnsortar må/bør ein sy med maskin i først. Meir teknisk om klipp-i-strikk kan ein lese om på Ann Myhre sin blogg, ho forklarar så bra. Ein annan blogg eg, og mange andre med meg har hatt god nytte av er Nina Petrina.

Den dagen eg var klar til å sette saksa i strikketøyet eg brukte 3 månadar på å strikke, så overmanna nervane mine meg. Nei, nei, NEI, dette er heilt feil! Eg fekk heldigvis god oppbakking/heiagjeng/gode tips på Ann si facebook-gruppe. Ei av damene der tipsa meg om å strikke ein prøvelapp først og test-klippe. Så pinnane kom fram, prøve-klippelapp over 25-30 masker strikka, og saksa kom fram. Denne var det nå ikkje farleg å klippe i. Snipp-snipp, klippe-prøvelappen var i to delar, og eg drog i dei alle vegar. Ingenting rakna…!

IMG_0503 IMG_0511

 

Då tenkte eg: No eller aldri… Eg fann midt-i maska og sette saksa i og klipte. Tru det eller ei, men etter dei første 5-6 maskene, så gjekk det som ein leik. Skulle aldri trudd at dette var første gong!

bilde 2 (1)

 

Klipp-i-strikk. Utan støttesøm. SJÅ den fine kanten då!

Teppet blei forresten flytta fram og tilbake på forskjellige plassar på stova før eg var ferdig å sy inn kanten, og ikkje ein einaste tråd rakna.  Eg slår eit slag for klipp-i-strikk, og i rein ull: Utan symaskin!

Advertisements

6 thoughts on “15 i 15: Klipp i strikk!

    • Eg kjem sikkert til å vere nesten like nervøs neste gong eg klipper, men då slepp eg forhåpentlegvis å strikke prøve-klippelapp. :) Takk skal du ha!

  1. Alltid litt skummelt å sette saksen i noe man har brukt lang tid på å strikke. Men veldig kjekt å se at det går bra og blir fint! Herlig ugleteppe, det er pent og passe varmt.

Legg att ein kommentar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s