Babyteppet Siri

Årets bloggpause frå Mars til Desember har eigentleg ein veldig enkel grunn. I midten av April oppdaga eg og sambuaren at vi venta ein liten ein, med termin no rundt juletider/nyttår. Med påfølgjande symptom og ubehag som dette fører til, har verken strikkelysta eller bloggelysta vore så utruleg stor. Eg har strikka. Bittelitt her og bittelitt der, og har vel eigentleg hatt tre store prosjekt i år. Prosjekt 1 var ein Mariusgenser med rundfelling i Pickles Pure Wool (som kanskje får sin eigen bloggpost. Eller ikkje). Prosjekt 2 var babyteppet frå Helvete, som eg strikka til svigerinna mi sin gut. Guten blei fødd i Juni, teppet fekk siste trådane festa i Desember.

Sist men absolutt ikkje minst, så måtte eg strikke babyteppe til mitt eige avkom.
Svigerinna mi fekk valet mellom fleire forskjellige tepper eg kunne tenke meg å strikke til guten hennar, men ho enda opp med å velje eit heilt anna teppe. Ein dag får eg sikkert knipsa bilete av det teppet og, for å fortelje den historia. Uansett, eg enda opp med å strikke eit av desse teppa til mini-meg.

Valet fell på Baby Blanket Siri, eit teppe eg har hatt i favorittane mine på Ravelry i ei halv evigheit.img_0745

Eg la først opp i Pickles Pure Wool i ein heilt nydeleg grønfarge, men enda opp med å rippe opp att dette, då alt kjendes feil ut. Det var for stivt og størrelsen blei feil og tråden var rett og slett ikkje rett til dette prosjektet. Bestilte Shetland Soft frå Malsen og Mor, og gjekk berre å trippa og venta på at garnet skulle dukke opp i posten. Har vel alltid hatt ei viss forkjærlegheit for grått, men kunne godt tenkt meg å strikka dette i grønn skog eller gul solskinn, men eg gjekk for den «kjedelege» grå koks. Bestilte først berre 3 nøster, då eg var sååå sikker på at dette skulle gå bra, men måtte til med desperat kjøp og kryssing av fingrar av eit nøste til i håp om å få same innfarging. img_0744

Grått er ikkje heilt enkelt å fotografere, spesielt ikkje i det dårlege fotolyset innandørs som fins i desember. Fargegjengivinga er ikkje heilt korrekt, teppet er ikkje så sølvfarga som det ser ut til her, men det var det beste eg fekk til i dag.img_0738

Teppet veg 172g, og er omlag 80x85cm.

Meir info prosjektsida på Ravelry.

Advertisements

3 thoughts on “Babyteppet Siri

Legg att ein kommentar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s