Eit heilt halvt år og Amandaprosjektet

Sist eg skreiv eit innlegg her så var det 19. Desember 2016. Eg var sprekkferdig, og seinare same kveld kjende eg at ting var begynt å skje. Lang historie kort (seriøst, tidenes lengste latensfase, trur eg), 22. Desember kom «lisjeguten», N. Heile 3340g og 50cm lang. Heilt perfekt, tilsynelatande. På morgonen 23. Desember blei vi overflytta med ambulanse til Ålesund sjukehus, så vidare med helikopter til St Olavs. Me blei på St Olavs i 14 dagar, då N fekk utlagt tarm då han har noko som heiter analatresi/anarektal misdannelse. Så, 2 helikopterturar, 3 operasjonar og ca 10 flyturar seinare så snakkar vi juli. N veks og trivast og har det veldig bra. Eg har verdas kuleste son, og mora har begynt å få overskot til å tenke på andre ting igjen. Som blant anna blogg. Og regelmessig strikking.

Uansett. Vi e så utruleg takksame for all strikken vi fekk frå Amandaprosjektet. N fekk teppe og hue i Ålesund før avreise. Nytt teppe og hue påSt Olavs då vi kom dit. Julaften fekk han strikka bamse og nisselue. For ein fantastisk jobb alle som strikkar, hentar, vanskar og leverar strikk til alle landets nyfødtintensivavdelingar gjer! Wow!

Som forelder, og spesielt i ein slik situasjon der du faktisk ikkje rakk å få med deg strikkateppet som du så fint blogga om, så er det å få teppe frå Amandaprosjektet heilt… overveldande. Har planar om å strikke til Ålesund etter kvart. Reknar ikkje med å nå ut til så mange med bloggen (spesielt sidan eg skriv ca 2 innlegg i året), men oppmodar alle som har litt strikketid til overs om å strikke eit teppe eller to til Amandaprosjektet.

IMG_5002

Amandastrikk

IMG_5074

Amandastrikk

IMG_5670

Oldemorstrikk på verdas kulaste gut

Advertisements

Simple Autumn Mittens

Oi oi oi, dette var ei lang bloggpause altså! Har mange «unnskyldningar» på lur, først og fremst så har lysta ikkje vore til stades. I desember byrja eg og på ny stoffskiftemedisin, så då var desember og januar mykje godt gått før forma steig igjen.

Uansett. Eg har strikka. Masse. Ikkje alt har blitt dokumentert. Noko har blitt selt, mykje har blitt gitt vekk. Nancykofta blant anna, den gjekk til svigerinna mi med dei smale handledda. Ho arva og ein grå mariusgenser som eg byrja på for mange, mange år sidan. Den fullførte mamma. Genseren blei noko trang over bringa (og kort) for meg, så den gjekk og til ho med dei smale handledda og ikkje fullt så stor bringe. Ho fekk og ei hue og eit par pulsvantar. Steik så heldig ho er altså. :)

Så. Vottar. Strikka i nokre restar etter The Big Blue som eg strikka i 2014. Veg heile 58g før eg festa trådar. Vottane passar på ei stor barnehand, eventuelt ei lita barnehand. Ei av dei andre svigerinnene mine har bittelita hand, så ho er den heldige vinnar av desse vottane. Eg trur desse er strikka på pinne 3,0 eller 3,5 mm.

Det står ikkje noko spesielt meir på Ravelry, men det er alltid kjekt med hjarter.

IMG_0621

Belly, igjen, og igjen…

Eg fekk så mange positive kommentarar frå slekt og vener på det første paret med Belly-sokkar, mamma bestilte til og med eit par til seg sjølv. Berre DET er stort, for ei som har ei mor som er råflink til alt som har med handarbeid å gjere.  Uansett. Eg strikka eit likt par i Arwetta til ho, som ho fekk til bursdagen sin. Sokkane har allereie vore på tur til Frankrike og redda nattesøvnen ei natt ho hadde så urolege bein. Plusspoeng!

For ei tid tilbake fekk eg eit nøste med Wollmeise i posten. Har lenge leita etter DEN gulfargen. Denne er ikkje heilt 100% det eg er på jakt etter, den er litt for påskete. 98% kanskje. Ein dag finn eg nok rette gulfargen.

Synast hælane på dette mønsteret er så kjekt å strikke, sjå berre kor fine dei er!

IMG_0057 IMG_0046 IMG_0048 IMG_0054

Info:
Oppskrift av Wims
Garn: Wollmeise Sock
Farge: Limone
Vekt: 66 g
Ravelry

 

Sommarferie


Har vore på ferietur, og vore innom omlag alle garnbutikkane eg har kome over.

Trondheim: Overbeviste Mannen om at vi kunne vel kanskje sjå kva som var i den retninga der. Gjekk innom eit museum, før «åja, kan ikkje vi gå den gata der?» *Hosthost* Sneaky-Ida får det som regel som ho vil. ;) Nøstebarn besøkt, og sidan svogeren min skal bli pappa igjen i desember, så to nøster med 2-tråds merino lammeull blei med heim for å bli omvandla til nøstebarnteppe.

2 tråds nøstebarn merino

Røros: På veg til Oslo, så fann vi ut at vi skulle køyre til Røros, for ingen av oss har vore der på mange år. Forutan å ete eit fantastisk smørbrød med reinsdyr (omnomnom) så var det heilt tilfeldig at eg fann ein garnbutikk på Domus. Sat og venta på Mannen, pleia hodepina som trua med å bryte gjennom, då eg såg eit garnbutikkskilt. OMG! Sendte Mannen ei tekstmelding om at eg gjekk ned i etasjen under, og strena inn i garnbutikken. Håpet om noko anna garn enn berre Sandnes og Drops var ikkje stort. Fann lite av interesse, og var eigentleg ferdig å kike, før BOOM! Der, ved disken, var ei svær, svær hylle fylt med ingenting anna enn KAUNI! Herregud.. Første gang eg har funne ein garnbutikk med Kauni-garn i, og det var eit rett vakkert syn. Heldigvis kom Mannen til, så eg la litt band på meg på handlinga, men det blei med 4 nøster heim.

KAUNIDRAUM

Oslo: Eg la kjapt inn «Markveien 56C» i kart-appen på telefonen, og oppdaga at dei vi skulle bu med for natta budde ikkje så veldig langt frå butikken. Ja, Pickles-butikken, altså. Me kom oss aldri så langt til at vi drog dit, men no veit eg kvar butikken er, og det hamna nokre nøster i bestilling denne veka, til kvardagsjakka eg skal strikke. Hadde veldig, veldig, VELDIG lyst å stikke innom butikken, men av og til passar det rett og slett ikkje.

IMG_0070

Mandal/Lindesnes: Eg har slekt på Sørlandet, nærare bestemt Lindesnes. På veg til Lindesnes frå Austlandet, så passerar ein Mandal. For kjentfolk, så ligg Sjølingstad Uldvarefabrikk sånn ca 3 meter frå kommunegrensa mellom Mandal og Lindesnes kommune. Diverre så var ikkje Mannen så gira på å dra hit, og den dagen eg tenkte å ta med Mormora på tur så streika bilen. Tomt batteri, lang historie som involverar hyttebesøk og ei kjøleboks og ein batteriladar som absolutt ikkje ville lade bilen vår.

Hareid: Kom heim, så slo det meg at eg kunne no kjøpt eit nøste kvit kauni til sinnasaujakka mi, for å få kvite sauar. Bestilt. Så slo det meg at eg ikkje har garn til kvardagsjakka som eg har hatt lyst til å strikke. Planen var å handle Pickles Pure Wool i Oslo til denne, så det var eigentleg berekna eit garnkjøp der. Bestilt. Det hamna og ei overrasking i korga hos Malsen og Mor, men denne får eg ha som vinterprosjekt. Trur dette får bli ei overrasking… Jepp.

Uansett, eg har hatt ein utruleg flott ferie, og måndag er det tilbake til livet som arbeidsmaur. Har dog fått strikka en del litt i løpet av ferien, og no når trådfestingsånda kom over meg så har eg utruleg nok fått ferdigstilt nokre prosjekt og. (Les: Sokkar).

Kjem brått attende med meir.

Statusoppdatering: UFO’ar

April og mai har gått utan at eg tilsynelatande har fått ferdig noko.

Dette er vel heller reinspikka løgn, men eg skuldar på været/forma/andre aktivitetar som tek opp usannsynleg mykje tid. Førre veke fekk eg faktisk strikka ferdig både ein sokk og sinnasaugenseren. Står berre att å feste trådar og vaske genseren.

Skjerfet og halsen har blitt rekkt opp, og eg kjenner at eg snart er klar for å køyre på med marius’en.

I mellomtida har eg også strikka nokre babysokkar og ei nyfødthue til ei som eg spelar saman med og byrja på eit evigheitsprosjekt/samstrikk. Alt får sin eigen post når eg er ferdig og orkar å ta bilete. Eventuelt når det er fint fotovær.

Avsluttar med eit bilete frå gårsdagens fotballkamp. Kampen snakkar vi ikkje høgt om, men fekk strikka nokre omgangar med rillestrikk i det minste.20140526-134217-49337166.jpg

Strikkedilla 1.0

Dei siste 5-6 månadane har eg hatt strikkedilla. Ordentleg gamaldags to rett, to vrang DILLA. Nesten så ille at eg i alle ledige stunder sjekker strikkesider på Facebook, strikkebloggar, podcastar om strikking, strikke/garnbutikkar på nett og ikkje minst:

rectangle_32

Sjølv om eg ikkje har klart å legge til eit einaste bilete av dei fullførte produkta mine (til no, av dei som ligg der, 3 par nyfødtsokkar), så held likevel augene på å trille ut av alle dei utruleg flotte augedropsa/strikkeria som blir lagt ut kvar dag. Det er no gjerne slik med oss nybyrjarar at vi går på med dødsforakt og forstår ikkje at einskilde ting er vanskeleg. Har sjølv gått på ein smell på Mariusgenseren min med rund sal. To gongar. Første gong, innkjøpt garnet som det krev i oppskrifta. Sandnes alpakka. Ignorerar heilt at eg ikkje får heilt «godkjensle» når eg tek på garnet. Heller andre vegen, garnet gir meg frysningar. Tenker likevel at «pytt, det går seg til»… Som ein person med utruleg sterke meiningar når det kjem til stoff/garn og kva eg tåler, så var vel dette noko eg burde sett føre meg. Eg får «fnatt» av alpakka. Seriøse hjerne-frysningar, hovudet kortsluttar. Ikkje på ein god måte altså.

Forsøk nr 2, med Sandnes Smart superwash: Betre garn, inga tvil i det! Endra og farge, då strikking med svart botnfarge ikkje var så kjekt som eg trudde, såg no plutseleg ikkje at eg hadde strikka feil før 14 runder seinare. Har no sett ermane på rundpinnen, men får ikkje det til å bli noko særleg fint etter dette. Trur det blir å rekke opp og prøve att seinare, men trur den blir lagt som UFO ei tid framover til eg får anda over meg igjen.

Konklusjonen min etter dette trur eg må vere at eg trur eg drøyar Pinneguri si kvardagsjakke med sintesauar frå Runde ei stund framover i tid. Sjølv kor fristande det er, så kan det vere eg må innsjå mi eiga begrensing. Heilt til neste gong.