#NMjan

Siste vekene har det ikkje blitt tid til så mykje anna enn #NMjan. Øving med musikklaget fredag, laurdag, søndag, mandag og i dag onsdag før avreise i morgon. Vi spelar fredag rundt 18.30 dersom alt går etter planen.

Tradisjonen tru, så kjenner eg på ein raspete hals. Sist eg var med til Trondheim, blei eg sjuk onsdagen før. Sat på scena med feber, tjukk hals, rennande nase og topp i øyrene. Kunne likevel ikkje ha spelt så utruleg dårleg, sidan vi vann divisjonen. Satsar på at delar av dette gjentek seg i år. Den delen om å vinne divisjonen altså! Det ryktast at nabokorpset i same divisjon er i knallform, men dette tek vi som ei grei utfordring.

Har leita lenge etter ein god personleg almanakk. For meg der innslag av hjernetåke og dårleg hukommelse slår til tidt og ofte er kalenderen livsviktig. Har eg ikkje skrive ned avtalar og tidspunkt og ting eg skal hugse, så er sannsynlegheita for at det går i den berykta gløymeboka svært høg.

Mobiltelefon, kalender på jobb, Røde kors kalender, øvingstider, personlege avtalar og synfaringar/jobbavtalar alle i ein kalender fungerar dårleg for meg. Synast dei kalenderane ein får på mobiltelefon er dårlege, må synkroniserast hit og dit for å få med alt. Gleda var stor då eg, etter timar med surfing på nett fann ei nettside som let deg designe din eigen almanakk. Alt frå design på framsida til korleis vekeoversikta skal sjå ut, til kva vedlegg ein vil ha bakerst. Trur nok ei ny bok vil bli bestilt i god tid før nyttår neste gong.

20140402-091123.jpg20140402-091113.jpg

 

Advertisements

Abstinensar…

Tilbake i god gamal blogg-form. Eit innlegg i halvåret. Maks. Skal sjølvsagt gjere eit betre forsøk på å oppdatere med høgare frekvens enn kva eg har gjort til no, men livet går sin gong.

Har kjøpt hus/leiligheit/rekkebustad-greie, flytta, fått sambuar, spelt konsert(ar),  arrangert kurs, jobba. Same old, nothing new really.

No når det nærmar seg NM for brassband, og etter ein kjapp tur til Sjøholt tidlegare i veka for å høyre Ørskog Brass spele Paganini Variations av Philip Wilby, så kjenner eg STERKT på nokon abstinensar eg ikkje har hatt før. Brass-abstinensar. Er snart eit år sidan eg var nødt til å innsjå at å bruke ca 1 arbeidsdag kvar onsdag i Ørskog ikkje var sunt i lengda. Å ligge langflat etter ei laaaaang NM-oppkøyring kvar februar tek på når forma ikkje har vore på topp dei siste åra. Sjølv kor kjekt og givande det er. Tok eit val i mars om å ta pause, før eg innsåg at det kanskje var det beste eg kunne gjere for meg sjølv og helsa mi. Saknar brassband og fine folk på Sjøholt, men har fått ei kjempegod «erstatning» i Ulsteinvik i Musikklaget ULF. Vil ikkje vere forutan denne gjengen no, sjølv om det er noko spesielt å spele i brassband. Eg veit i alle fall at eg og strikket kjem til å sitje klistra til pc’en og TV2 Sumo som streamar HEILE #NMBrass. Gratis abonnement har dei og, i samband med #NMBrass.. (Ok, kanskje dei gjer det grunna OL, men synast det ser betre ut med #NMBrass. ;) )