Simple Autumn Mittens

Oi oi oi, dette var ei lang bloggpause altså! Har mange «unnskyldningar» på lur, først og fremst så har lysta ikkje vore til stades. I desember byrja eg og på ny stoffskiftemedisin, så då var desember og januar mykje godt gått før forma steig igjen.

Uansett. Eg har strikka. Masse. Ikkje alt har blitt dokumentert. Noko har blitt selt, mykje har blitt gitt vekk. Nancykofta blant anna, den gjekk til svigerinna mi med dei smale handledda. Ho arva og ein grå mariusgenser som eg byrja på for mange, mange år sidan. Den fullførte mamma. Genseren blei noko trang over bringa (og kort) for meg, så den gjekk og til ho med dei smale handledda og ikkje fullt så stor bringe. Ho fekk og ei hue og eit par pulsvantar. Steik så heldig ho er altså. :)

Så. Vottar. Strikka i nokre restar etter The Big Blue som eg strikka i 2014. Veg heile 58g før eg festa trådar. Vottane passar på ei stor barnehand, eventuelt ei lita barnehand. Ei av dei andre svigerinnene mine har bittelita hand, så ho er den heldige vinnar av desse vottane. Eg trur desse er strikka på pinne 3,0 eller 3,5 mm.

Det står ikkje noko spesielt meir på Ravelry, men det er alltid kjekt med hjarter.

IMG_0621

Advertisements

Babyteppet Undercover

Eg har ei venninne. Denne venninna ventar sitt første barn no i byrjinga av september. Mykje har skjedd med ho dei siste åra, og ho har vel eigentleg venta i 10-12 år på å bli gravid. Lukka var difor stor då ho fortalte at ho endeleg skulle bli mamma, og eg visste nøyaktig kva eg skulle strikke til den nye verdsborgaren. Det er vel svært lite anna som sei «VELKOMEN TIL VERDA» som eit mjukt, deilig babyteppe?

Teppet Undercover av Beata Jezek har lenge vore ein av favorittane mine, og eg har berre venta på rette hendinga å strikke det til. Mønsteret ligg gratis på heimesida til Beata, og er eit enkelt teppe å strikke. Det var noko knotete til å byrje med, men så snart eg knekte koda var det svært enkelt å memorere mønsterrapporten.

IMG_0598 Teppet er strikka på pinne 5,0, med dobbel tråd Malabrigo Sock i fargane Abril og kanten rundt er strikka i African Violet. Det gjekk til saman med 243g garn. Garnet kjøpte eg på Garnbutikken Fortuna. (Eg vann for øvrig gåvekort på Fortuna takka vere dette garnkjøpet)IMG_0583

Det har vore ferdig i fleire månader, men eg har ikkje hatt ånda over meg til å knipse bilete. I går var det heldigvis ok nok lys til å få fram fargane i teppet. Venninna mi har termin om ikkje mindre enn to veker, så eg tenkte det var greitt å få levert teppet før jenta annonserer at ho er klar for å møte verda.

Ravelry.

IMG_0602

Slumreteppet Unni

Heilt sidan eg blei bitt av strikkebasillen (for litt over eit år sidan), har eg hatt lyst til å strikke fleire av Ann Myhre sine design. Eg har veldig mange av dei i favorittane mine og i biblioteket på Ravelry, men som fersk strikkedame så såg eg meg nødt til å strikke ein del andre prosjekt før eg heiv meg på mønsterstrikk og klipping og heile den delen der.

Det prosjektet som tiltala meg aller mest av alle, var nok Slumreteppet Unni. 24 rader, 360 ugler.

I fjor sommar bestilte eg garnpakke med Malsen og Mor, men bestillinga mi på garnpakken kom i det ho heldt på skifte frå uvaska Shetland Soft til vaska Shetland Soft. Eg smørte meg med tolmod, og fekk tilsendt ein garnpakke med vaska Shetland Soft etter ei stund. Etter å ha prøvd garnet, så trur eg at dette er eit av dei beste garna eg har prøvd til no. Så lett, så… Evigvarande. Eit nøste varar og varar og varar. Eg har hatt ein del første gongs utfordringar med dette prosjektet. Det er eit STORT prosjekt, det største eg har begitt meg ut på, spyttspleising (eg brukte vatn), opplukking av masker til kantar, klipp-i-strikk, klipp-i-strikk utan å sy først og attersting. (Seriøst, har eg nemnt at eg ikkje har vore så veldig handarbeid-interessert før??)

Teppet måler omlag 100 cm x 190 cm og veg heile 464 g. Sidan det er mønsterstrikk er det dobbel tråd heile vegen og med det resultat at det er lett, tynt og kjempevarmt. Slumreteppet blei lagt opp i slutten av november 2014, og eg brukte litt over tre månadar på prosjektet.

Fargane eg har brukt er kvit botnfarge, drivved, konfekt, mynte, calypso, skog og firkløver. På ein merkeleg måte går fargane igjen både i sofa, pute OG spisestuestolane.

Meir informasjon om teppet ligg på prosjektsida på Ravelry.

IMG_0523

IMG_0497

IMG_0531

Wibbly Wobbly Timey Wimey stuff

Det var denne vottedilla då.

Frå å kvi seg for i det heile tatt å TENKE på å lære meg å strikke tommel, så har dei siste 3-4-5 prosjekta mine vore i kategorien «vottar». Gjerne med mønster. Enten fletting eller med fargar. Uansett. Eitt par er ferdig, og eg har 2 par til på gong. Har også meldt meg på pulsvarmar-alongen på Uformelt, så det blir no nokre pulsvarmarar i løpet av dei neste månadane og.

I fleire år har eg vore «Whovian». For dei som ikkje kjenner uttrykket er det fans av tv-serien «Dr Who«. Kort fortalt handlar Dr Who om ein tidsreisar frå planeten Gallifrey. Romskipet hans er ein TARDIS (forkorting for Time And Relative Dimension(s) In Space), og på grunn av ein funksjonssvikt i kameleonkretsen ser den ut som ein gamal, blå, politiboks. Den er og større på innsida enn på utsida.

I ei av mine favorittepisoder (Don’t Blink) kjem Doktoren med følgjande sitat:

People assume that time is a strict progression of cause to effect, but *actually* from a non-linear, non-subjective viewpoint – it’s more like a big ball of wibbly wobbly… time-y wimey… stuff..

Cue: Vottar. Heilt sidan eg såg dette votteparet på Ravelry visste eg at den dagen eg kom over strikke-tomlar-kneika, så skulle eg strikke desse.

IMG_2307

Blå politiboks. Og minions. Og meg.

Vottane er strikka i kauni effektgarn og veg totalt 67 g. Dvs, det eine nøstet er heilt vanleg grått, det andre er sånn rosa-lilla-ish. Originalt håpte eg at dei skulle bli hakket meir rosa enn kva dei blei, men eg synast dei er fine uansett. Til og med mor mi synast at dei var fine, sjølv om ho ikkje forsto noko av symbolikken i dei.

IMG_0465 IMG_0467IMG_0459

 

På begge vottane er det ein «Weeping Angel». Det er eit utanomjordisk vesen som ser ut som ein statue når nokon ser på dei. Når du ikkje ser på dei, blir dei levande (derav Don’t Blink) og dei lever av å sende folk tilbake i tid. Det er komplisert, og antageligvis ei av mine favorittepisoder.

Venstrevotten har teksta Wibbly Wobbly medan høgrevotten har Timey Wimey. Snur ein høgrevotten, så ser ein at det også står «Stuff» inne i handflata. I tillegg til ein heil masse små tardis’ar.

«IMG_0458

Då eg gjekk gjennom ein del av dei ferdige prosjekta på Ravelry, såg eg at ein del av dei hadde logoen til Dr Who på eine tommelen. Melding sendt til opphavet, og mønsteret dukka opp på e-post like etter. (Link til dette står i notatane på Ravelry). Logoen er berre på den eine votten, den andre har heil-grå tommel.

IMG_0454

 

Eg er kjempenøgd med vottane, dei er vaska på 30 grader med ullvaskemiddel, og dampa lett med strykejarn for å få fram mønsteret.  Sånn totalt sett så veit eg ikkje kor smart det var å bruke Kauni, sidan det er typisk klø-garn, men det kan hende eg kan venne meg til dette etter kvart. Viss ikkje kjenner eg mang ein Whovian som gjerne tek over desse vottane.

Ravelry-link.

 

 

 

Slytherin pulsvarmarar (aka Nalu)

Uformelt sin pulsvarmar-along fortsetter i 2015. I fjor strikka eg 2 av 3 månadar, der desember gjekk ut. Eg prøvde meg på eit par, men ingen av desember sine val fell verkeleg i smak.

I januar derimot, var det eit par som utmerka seg. I mangel på anna brukandes garn tok eg ein råsjans på at eit av hespa med Madeline Tosh Merino Light i farge Tannenbaum passa. Ignorerte alt som heitte strikkefastheit, la opp i minste størrelse og strikka i veg. Kvar av vantane blei strikka over kvar sin kveld. Vel og merke rundt 10 dagar mellom dei, på grunn av at strikkaren sjølv var noko opptatt med musikkøvingar og konsertar. (7/8 øvingar og 2 konsertar frå 1.januar til 10. januar.)

Uansett, pulsvarmarane er strikka på pinne 3, den minste størrelsen i oppskrifta.

Dei minner meg merkeleg nok om våpenskjoldet til Slytherin house. Frå Harry Potter. Smaragdgrønne og deilig lette. Nesten for lette, dei veg heile 23 gram… (!)

Vantane er kanskje litt i minste laget til mine hender, så det spørs om dei landar i gåvekorga.

Ravelry.

Nalu

 

PS: Merino Light er noko dritt å rekke opp. Ikkje strikk feil.

How Cold Is It?

Når Sambuaren sender bilete av eit vottepar som eg tilfeldigvis har i køa mi på Ravelry, var det ikkje vanskeleg å konkludere med at DETTE må bli årets julegåve. Humoren i vottane har gått rett heim både hjå mi familie og hans familie. Både mamma og yngstebror min ønskar seg liknande vottar. Eg veit ikkje om bror min får vottar, for han har eviglange piano-fingrar…

Vottane treng eigentleg ikkje meir introduksjon anna enn dette:

caf1

 

Strikka i Wollmeise Twin på pinne 3,0.

Ravelry

Nøkken under brua

Laurdag vakna eg til eit landskap tatt over at Kong Frost.hareidrotary
Då det lysna litt av dag drog eg på meg ulla mi, tok med kameraet og eit par ferdige strikkeprosjekt og gjekk meg ein tur langs elva.

Då Vottelauget ga ut Votter fra Eventyrskogen tidlegare i haust, så var det eit vottepar som absolutt skreik «IDA, STRIKK MEG! NO!»
Mønsteret er «Nøkken», laga av Merete Toft frå Monstermønster. Dette votteparet er eit stort første-gong strikk. Første gong eg strikkar vottar, første gong eg strikkar lus, første gong eg strikkar så mykje mønster.

Eg treng vel ikkje sei stort anna enn at den eine votten er litt strammare enn den andre, då eg fann ein slags teknikk på vott nr 2. Vottane er uansett godt brukbare, strikka i Pickles Pure Wool (einaste eg hadde lett tilgjengeleg i rette fargane).

Endre noko på mansjetten, strikka vrangbord med 1r 1vr i staden for den som er gitt i mønsteret. Det blir ikkje siste gong eg strikkar desse vottane, og eg trur eg har eit par nevøar som LETT ønsker seg eit par slike til jul til ein eller annan samanheng.

Om vottane:
Ravelry
Strikka i Pickles Pure Wool
Størrelse: Dame

IMG_0306

 

IMG_0303Vottane i sitt rette element, under ei av bruene langs elva ikkje langt frå der eg bur.