Utvida garnfamilie

Har planar om å strikke Colorblock handwarmers frå The Purl Bee.

Dei ser slik ut:

colorblockBilde lånt frå Ravelrysida

Kjempesøte, kjempe enkle, og akkurat slike pulsvarmarar eg har vore på jakt
Så kika eg leeeeenge etter kva garn eg skulle bruke, kva fargar, og til slutt enda eg på følgjande:

IMG_0235IMG_0236IMG_0238IMG_0240

Hashtag yarnp*rn.

Advertisements

UFO-September

Eg trur eg har kome til ein konklusjon.

Eg er langt i frå monogam. Når det kjem til strikketøy, i alle fall.

Eg har hatt oppteljing, og resultatet er… Nesten litt deprimerande. Den gyldne regelen eg laga meg om MAKS 5 strikketøy/UFOar, den var ikkje verdt mykje. Difor oppteljing og UFO-september! Eg hiv meg med Trivelig frå Trivelig&Surrehue og let heile September vere UFO-september. Då skal det strikkast på UFO-ar og ryddast i skuffer og skap og plastposar. (Det vil seie frå plastposar til skuffer og plastboksar).

  • Grå marius med rundfelling. Eg trur denne aldri blir ferdig. Sidan eg byrja på denne for over eit år sidan, så har eg endra smak. Både innan val av garn og val av mønster. I likheit med alpakka-versjonen eg heiv rett ut så har eg oppdaga eg ikkje er så veldig glad i Smart. Eller Marius-mønsteret.
  •  Kort Cardigan frå Pickles. Strikka i angora. Kjem aldri til å skje igjen, at denne blir strikka i angora altså. Denne er neeeesten ferdig. Så ferdig at alt som manglar er klipp og strikking av kantar.
  • Sinnasaujakka blei lagt opp og strikka ned til sauemønsteret. Sauemønsteret har eg tatt opp 3 gongar pga menneskeleg feil. Så fann eg ut at eg ville strikke sauane i kvit kauni, noko eg ikkje hadde tilgjengeleg før no etter ferien. Strikka i kauni, og eg gler meg til oppklipping.
  • Kvardagsjakka burde eigentleg ikkje bli starta opp før eg blei ferdig med sinnasaujakka, men på denne har eg kome til deling til armar. Denne har eg rekt opp og skal strikkast i andre fargar.
  • Nøstebarnteppe. Need I say more? Dette går kjapt å strikke då, men det blei rett og slett for varmt å strikke teppe.
  • Knæsj cardigan frå Pickles blei og starta på, men denne rekte eg opp før eg kom så veldig langt. Den får vente eit tid til. (Ser de, eg kan faktisk om eg vil!)
  • Skedaddle: Sokk 1 er ferdig, garnet til sokk 2 ligg klart i veska.
  • Doodles I og II. Det står altså berre igjen å feste trådar på begge sjala.
  • Diverse enkle sokkar.
  • Ravello. I deilig grått og svart-ish, har ikkje bestemt meg for kontrastfarge heilt enda.
  • Tweedgenser frå Pickles. Heiv meg på og handla Cashyak garn på restesal. Enda opp med ein genser som blei litt for kort for meg, og ikkje nok garn til å få ei komfortabel lengd på bolen. Passforma elles er ypperleg. Eg får sjå kva som skjer når eg har fått vaska genseren og gjort eit forsøk på blokking. (Aldri blokka før, kjempeskummelt.)

Sanninga er brutal, men eg ser at dersom eg tel enkle sokkar som 1 UFO, og Mariusgenseren som frogged, så er det ikkje såååå utruleg ille. I tillegg har eg rydda i garnlageret og kvitta meg med ein del av dei nøsta som eg kjøpte tidleg i strikkedilla-leiken.

Kven trur eg at eg lurar her, eigentleg?

UFOSeptember