Babyteppet Siri

Årets bloggpause frå Mars til Desember har eigentleg ein veldig enkel grunn. I midten av April oppdaga eg og sambuaren at vi venta ein liten ein, med termin no rundt juletider/nyttår. Med påfølgjande symptom og ubehag som dette fører til, har verken strikkelysta eller bloggelysta vore så utruleg stor. Eg har strikka. Bittelitt her og bittelitt der, og har vel eigentleg hatt tre store prosjekt i år. Prosjekt 1 var ein Mariusgenser med rundfelling i Pickles Pure Wool (som kanskje får sin eigen bloggpost. Eller ikkje). Prosjekt 2 var babyteppet frå Helvete, som eg strikka til svigerinna mi sin gut. Guten blei fødd i Juni, teppet fekk siste trådane festa i Desember.

Sist men absolutt ikkje minst, så måtte eg strikke babyteppe til mitt eige avkom.
Svigerinna mi fekk valet mellom fleire forskjellige tepper eg kunne tenke meg å strikke til guten hennar, men ho enda opp med å velje eit heilt anna teppe. Ein dag får eg sikkert knipsa bilete av det teppet og, for å fortelje den historia. Uansett, eg enda opp med å strikke eit av desse teppa til mini-meg.

Valet fell på Baby Blanket Siri, eit teppe eg har hatt i favorittane mine på Ravelry i ei halv evigheit.img_0745

Eg la først opp i Pickles Pure Wool i ein heilt nydeleg grønfarge, men enda opp med å rippe opp att dette, då alt kjendes feil ut. Det var for stivt og størrelsen blei feil og tråden var rett og slett ikkje rett til dette prosjektet. Bestilte Shetland Soft frå Malsen og Mor, og gjekk berre å trippa og venta på at garnet skulle dukke opp i posten. Har vel alltid hatt ei viss forkjærlegheit for grått, men kunne godt tenkt meg å strikka dette i grønn skog eller gul solskinn, men eg gjekk for den «kjedelege» grå koks. Bestilte først berre 3 nøster, då eg var sååå sikker på at dette skulle gå bra, men måtte til med desperat kjøp og kryssing av fingrar av eit nøste til i håp om å få same innfarging. img_0744

Grått er ikkje heilt enkelt å fotografere, spesielt ikkje i det dårlege fotolyset innandørs som fins i desember. Fargegjengivinga er ikkje heilt korrekt, teppet er ikkje så sølvfarga som det ser ut til her, men det var det beste eg fekk til i dag.img_0738

Teppet veg 172g, og er omlag 80x85cm.

Meir info prosjektsida på Ravelry.

Advertisements

Stopp karusellen…

Årre brennjande de, kor fort tida flyg!

Lisjehjarta, begge to, har blitt barnehagegutar no. Skulle verkeleg ynskje eg kunne hoppa av karusellen med begge to og stoppa tida. Berre 3-3,5 månadar til dei fyl 2 år. Lisjehjarta er fødd med 10 dagar mellomrom. Kan tru foreldra mine var heldige med tidspunkt for besøk i Bergen etter at førstemann kom, for andremann fann ut han skulle kome akkurat ein av dei siste dagane av besøket.

No ventar vi i spenning på lisjehjarte nr 3, som lik bror sin er venta i November.

Elles går dagane med mykje, mykje arbeid for Røde Kors. Vakter, møter, hist og pist får vekene til å gå. Vonar å sjå mange nye kjekke andlet når vi er i gong om ei lita veke.
Har enda ikkje begynt på musikkorpssesongen, men any day now.. ;)

Er småsliten for tida. Har auka dosa med levaksin enda ein del, er på veg opp til 100 mikrogram om dagen, som er ei dobling av det eg starta på i april. Treng ikkje liste opp forma/symptoma, prøvar å ikkje tenke så mykje på at ein er kronisk sjuk. Trur psyke har ein god del å seie for korleis ein kjenner seg. Kan ha ein dårleg dag, men fokuserar på ljospunkta, så kjennest det betre ut. Uansett, stoffskifteverdiane mine er på rett veg, sjølv om eg er utålmodig og vil vere opplagt og frisk. Kven vil ikkje det, liksom?

Delar nokre bilete frå dei siste dagane. :) Har ikkje blitt så mykje fotografering på meg i det siste, men drog med kameraet på øvelsen til Hjelpekorpset mitt i kveld.

20130822-194417.jpg

20130822-194426.jpg

20130822-194441.jpg

20130822-194455.jpg

Back to reality

Kvardagen har innhenta oss, første dag på jobb, har vore på jobb, i NY jobb i 2 veker allereie. Utruleg artig å kome eit steg nærare det gamle fagfeltet mitt.

Har ei venninne som akkurat er ferdig med fagskulen og har byrja i ny jobb i Molde. Utruleg kult, håpar verkeleg ho lykkast med dette.

Har eigentleg ikkje så veldig mykje på tapetet, har vore mykje Røde Kors arbeid dei to første vekene av August. Blir mest sannsynleg ikkje noko mindre dei påfølgjande vekene heller. Førre veke hadde eg 2 dugnadskveldar + 20 t vakt på Arthurspelet på Sandsøya. Voldsomt, men slik er det når det sjeldent går ferger til øya.

Sit og gjer meg klar til bryllupsspeling om eit par timar, blei hyra inn for ei tid tilbake. Utruleg kjekt å spele saman med ein av ungane til Svein Møller (Han skreiv inngongsmusikken «Eg er glad» som blei brukt i bryllupet til Martha og Ari). Dyktig kar, så MEKTIG å spele saman med orgelet i kyrkja i heimbygda mi, flott oppleving.

 

apekatt

Mitt himmelrike

Mitt vesle himmelrike på jord, er spelplassen på Herøya der Herøyspelet Kongens Ring blir heldt første helga i juli kvart år i… 23-24 år no.

Har vore med sidan sumaren mellom niande og tiande klasse, og det blir ikkje sommar utan ei hektisk veke med vikingar, sverd, kappleik, vårdansnatt, kjærleik, hemn, drap og livsens gong på Herøy for ca 1000 år sidan.

Eg har i mange år sprunge rundt på haugane med sverd, dansa, leika og sunge, men i år har eg bikka over i dei eldre sine rekker (tru det eller ei). Prøvar meg i år som sufflør. Ny utfordring, men eg er fortsatt med på leiken, saman med 200 andre amatørar og proffar.

Eg får gåsehud berre av å tenke på siste scena, der alle aktørane står på scena og syng siste verset av Herøy Havland saman.

Skapt av eld i allheims buk,
fødd i kalde havsens djup –
øyars unge havland.
Stig mot himlars høge rom,
står i år og ævedom
øyars gamle havland.

Ropar stormen sterk og vilt,
kviskrar vårvind mjukt og mildt –
øyars herja havland.
Grånar berget, svartnar fjell –
blømer lyngen, skrik ein tjeld –
øyars vakre havland.

Havsens me og merkestein,
fuglars fjell og ytste grein –
øyars ville havland.
Livet fekk eg eingong her.
Eingong går vår siste ferd
ut frå Herøy havland.
20130627-210444.jpg

20130627-210458.jpg

20130627-210506.jpg

20130627-210513.jpg