Wibbly Wobbly Timey Wimey stuff

Det var denne vottedilla då.

Frå å kvi seg for i det heile tatt å TENKE på å lære meg å strikke tommel, så har dei siste 3-4-5 prosjekta mine vore i kategorien «vottar». Gjerne med mønster. Enten fletting eller med fargar. Uansett. Eitt par er ferdig, og eg har 2 par til på gong. Har også meldt meg på pulsvarmar-alongen på Uformelt, så det blir no nokre pulsvarmarar i løpet av dei neste månadane og.

I fleire år har eg vore «Whovian». For dei som ikkje kjenner uttrykket er det fans av tv-serien «Dr Who«. Kort fortalt handlar Dr Who om ein tidsreisar frå planeten Gallifrey. Romskipet hans er ein TARDIS (forkorting for Time And Relative Dimension(s) In Space), og på grunn av ein funksjonssvikt i kameleonkretsen ser den ut som ein gamal, blå, politiboks. Den er og større på innsida enn på utsida.

I ei av mine favorittepisoder (Don’t Blink) kjem Doktoren med følgjande sitat:

People assume that time is a strict progression of cause to effect, but *actually* from a non-linear, non-subjective viewpoint – it’s more like a big ball of wibbly wobbly… time-y wimey… stuff..

Cue: Vottar. Heilt sidan eg såg dette votteparet på Ravelry visste eg at den dagen eg kom over strikke-tomlar-kneika, så skulle eg strikke desse.

IMG_2307

Blå politiboks. Og minions. Og meg.

Vottane er strikka i kauni effektgarn og veg totalt 67 g. Dvs, det eine nøstet er heilt vanleg grått, det andre er sånn rosa-lilla-ish. Originalt håpte eg at dei skulle bli hakket meir rosa enn kva dei blei, men eg synast dei er fine uansett. Til og med mor mi synast at dei var fine, sjølv om ho ikkje forsto noko av symbolikken i dei.

IMG_0465 IMG_0467IMG_0459

 

På begge vottane er det ein «Weeping Angel». Det er eit utanomjordisk vesen som ser ut som ein statue når nokon ser på dei. Når du ikkje ser på dei, blir dei levande (derav Don’t Blink) og dei lever av å sende folk tilbake i tid. Det er komplisert, og antageligvis ei av mine favorittepisoder.

Venstrevotten har teksta Wibbly Wobbly medan høgrevotten har Timey Wimey. Snur ein høgrevotten, så ser ein at det også står «Stuff» inne i handflata. I tillegg til ein heil masse små tardis’ar.

«IMG_0458

Då eg gjekk gjennom ein del av dei ferdige prosjekta på Ravelry, såg eg at ein del av dei hadde logoen til Dr Who på eine tommelen. Melding sendt til opphavet, og mønsteret dukka opp på e-post like etter. (Link til dette står i notatane på Ravelry). Logoen er berre på den eine votten, den andre har heil-grå tommel.

IMG_0454

 

Eg er kjempenøgd med vottane, dei er vaska på 30 grader med ullvaskemiddel, og dampa lett med strykejarn for å få fram mønsteret.  Sånn totalt sett så veit eg ikkje kor smart det var å bruke Kauni, sidan det er typisk klø-garn, men det kan hende eg kan venne meg til dette etter kvart. Viss ikkje kjenner eg mang ein Whovian som gjerne tek over desse vottane.

Ravelry-link.

 

 

 

Slytherin pulsvarmarar (aka Nalu)

Uformelt sin pulsvarmar-along fortsetter i 2015. I fjor strikka eg 2 av 3 månadar, der desember gjekk ut. Eg prøvde meg på eit par, men ingen av desember sine val fell verkeleg i smak.

I januar derimot, var det eit par som utmerka seg. I mangel på anna brukandes garn tok eg ein råsjans på at eit av hespa med Madeline Tosh Merino Light i farge Tannenbaum passa. Ignorerte alt som heitte strikkefastheit, la opp i minste størrelse og strikka i veg. Kvar av vantane blei strikka over kvar sin kveld. Vel og merke rundt 10 dagar mellom dei, på grunn av at strikkaren sjølv var noko opptatt med musikkøvingar og konsertar. (7/8 øvingar og 2 konsertar frå 1.januar til 10. januar.)

Uansett, pulsvarmarane er strikka på pinne 3, den minste størrelsen i oppskrifta.

Dei minner meg merkeleg nok om våpenskjoldet til Slytherin house. Frå Harry Potter. Smaragdgrønne og deilig lette. Nesten for lette, dei veg heile 23 gram… (!)

Vantane er kanskje litt i minste laget til mine hender, så det spørs om dei landar i gåvekorga.

Ravelry.

Nalu

 

PS: Merino Light er noko dritt å rekke opp. Ikkje strikk feil.

How Cold Is It?

Når Sambuaren sender bilete av eit vottepar som eg tilfeldigvis har i køa mi på Ravelry, var det ikkje vanskeleg å konkludere med at DETTE må bli årets julegåve. Humoren i vottane har gått rett heim både hjå mi familie og hans familie. Både mamma og yngstebror min ønskar seg liknande vottar. Eg veit ikkje om bror min får vottar, for han har eviglange piano-fingrar…

Vottane treng eigentleg ikkje meir introduksjon anna enn dette:

caf1

 

Strikka i Wollmeise Twin på pinne 3,0.

Ravelry

Nøkken under brua

Laurdag vakna eg til eit landskap tatt over at Kong Frost.hareidrotary
Då det lysna litt av dag drog eg på meg ulla mi, tok med kameraet og eit par ferdige strikkeprosjekt og gjekk meg ein tur langs elva.

Då Vottelauget ga ut Votter fra Eventyrskogen tidlegare i haust, så var det eit vottepar som absolutt skreik «IDA, STRIKK MEG! NO!»
Mønsteret er «Nøkken», laga av Merete Toft frå Monstermønster. Dette votteparet er eit stort første-gong strikk. Første gong eg strikkar vottar, første gong eg strikkar lus, første gong eg strikkar så mykje mønster.

Eg treng vel ikkje sei stort anna enn at den eine votten er litt strammare enn den andre, då eg fann ein slags teknikk på vott nr 2. Vottane er uansett godt brukbare, strikka i Pickles Pure Wool (einaste eg hadde lett tilgjengeleg i rette fargane).

Endre noko på mansjetten, strikka vrangbord med 1r 1vr i staden for den som er gitt i mønsteret. Det blir ikkje siste gong eg strikkar desse vottane, og eg trur eg har eit par nevøar som LETT ønsker seg eit par slike til jul til ein eller annan samanheng.

Om vottane:
Ravelry
Strikka i Pickles Pure Wool
Størrelse: Dame

IMG_0306

 

IMG_0303Vottane i sitt rette element, under ei av bruene langs elva ikkje langt frå der eg bur.

 

 

Augusta&Sokkelo

I oktober blei det starta opp pulsvarmaralong på Uformelt. Pulsvarmarar og vottar er noko av det eg har hatt lys til å strikke lenge, men dette fenomenet som kallast «tommel» har stogga meg.

Augusta:

Eit av alternativa i oktober var frk Badegakk sine pulsvantar «Augusta». Eit søtt par med falske fletter. Eg er litt over middels glad i mønstra til Lena, så dette passa meg ypperleg. I mangel på anna garn, så la eg opp i *surprise* grå Arwetta Classic. Ein baktanke med dette er at då kan desse gå til svigermor, dersom eg ikkje likar dei når dei er ferdige.

Trur desse blei ferdige i løpet av ei helg. Tomlane gjekk strålandes. Eg kan forstå at desse kan vere eit ork å ta att, dersom ein legg dei frå seg utan å gjere dei heilt ferdige med ein gong. Heldigvis kjenner eg meg sjølv så godt at eg ikkje la dei frå meg. Tomlane blei strikka på no-time, trådane festa og vips! Eit par pulsvantar som havna rett i gåvekassa. i veska til svigermor etter besøk.

AugustaAugusta

Sokkelo:

I oktober fekk vi valet mellom 3 forskjellige mønster, og eg fell sjølvsagt for alle tre. Mønstra blei lasta ned, og eg kasta kjapt frå meg 2 av mønstra til fordel for Sokkelo. Definitivt det best skrivne mønsteret av dei. Mønsteret kjem i to forskjellige størrelsar, i to forskjellige utgåver (ein med tommel og ein kortare versjon utan tommel.

Sokkelo er finsk og betyr labyrint. Det har altså ingenting med lo i sokkar å gjere, som min første tanke var…
Vante nr 1 gjekk ganske greitt å strikke. La originalt opp til str L, men innsåg raskt at skal desse brukast av meg, så må eg ned ein størrelse. Vante nr 2 gjekk det noko saktare med. Blei ein del bakoverstrikk grunna trøtte auger, men den blei ferdig i løpet av nokre dagar den og.

Eg elskar desse, og har brukt dei mykje allereie. Skulle eg gjort noko annleis så hadde det vore å strikka færre aukingar for tommelen, den blei litt vel vid. Ordna dette ved å «juksa litt» med nål og tråd.

Sokkelo er strikka i Maskepigen Castle Anthrax, og veg omlag 47g. Nytta difor under halve nøstet, og har nok til enda eit par, eller eit par sokkar, eller…

IMG_0290IMG_0292

 

Konklusjon:

Tomlar er ikkje vanskeleg å strikke. Berre ein tek dei med ein gong.

(Beklagar dårlege mobilbilete, men november er ein særs dårleg fotomånad dersom ein er avhengig av 1. Godt naturleg lys, og 2. det er og særs vanskeleg å fotografere pulsvantar utan ein modell tilgjengeleg.)

The Big Blue

Det er rart at noko kan gå frå dette:

IMG_0086

Til dette:

IMG_0243

IMG_0247

Og endeleg blei det godt nok lys til å gjennskape fargane gjennom kameralinsa.

Sjalet «The Big Blue» har vore ferdig ei stund. Eg blei tipsa om oppskrifta på Ravelry, og fell pladask. Eigentleg, inst inne, så er eg ikkje noko sjal-dame, men etter å ha strikka dette, så kan eg lett oevrbevisast om å strikke fleire sjal til meg sjølv.

Til trass for at det ber navnet «The Big Blue», så er ikkje sjalet så frykteleg stort. Omlag 1,40m langt og på det breiaste 29cm. Likevel, så synast eg at det er ein passeleg størrelse. Akkurat stort nok til å gå rundt halsen og endane stappast ned under jakka. Det er ikkje så mykje å sei om sjalet, anna enn at det er strikka i Madeline Tosh Sport og veg rundt 137 gram. Mønster og meir informasjon om sjalet mitt kan du finne på Ravelry.

Instagram-trøttetryne til slutt/sjal i bruk:

bilde (2)