Enkle stripesokkar 2.0

Etter det første stripesokke-paret med tusen-millionar trådar å feste, tenkte eg at det må vere ein enklare måte å gjere dette på. (Dette paret har endå ikkje fått alle trådane festa, difor får dette ein eigen post seinare. Sjølv om dei blei ferdig først.)

Mor sitt forslag: «Ta no med deg tråden vidare nedover/oppover sokken så slepp du all festinga». Testa dette på det første paret med stripesokkar, men  synast ikkje dette er eit så fantastisk godt forslag då eg strikkar ganske stramt. Dobbel tråd nedover blir då ein ekkel «kant» midt på sokken. Tek du dette med i berekninga om at eg er utruleg var på stoff/kantar/ting som strammar på feil plass. Forslag forkasta.

Mitt forslag/løysing: Strikk fleire striper, slik at tråd-snurringa blir over berre ein-to omgangar. I praksis det same som mor sitt forslag, men likevel blir resultatet ikkje heilt likt.

På sokk nr 2 flytta eg hælen, slik at eg har fått ein høgre og ein venstresokk, der «saumen» er på innsida av føtene.

As said as done, sokkane blei strikka og hamna i korga i påvente av at enkelte skulle få anda over seg til å feste trådar. Lenge låg dei der, eg kan vel ikkje noko for at det er kjekkare å strikke enn å feste trådar?

IMG_0061 IMG_0066 IMG_0068

Infoboks:
Oppskrift: Enkle sokker av http://badegakk.wordpress.com/
Garn: Filcolana Arwetta Classic
Vekt: 62 g
Ravelry

4 thoughts on “Enkle stripesokkar 2.0

    • Trur ikkje sokkane hadde blitt brukt hadde eg strikka tråden under foten. ;) Er såååå fornøgd med fargane saman, men så går no alt godt saman med grått synast eg.

Legg att svar til idapanda Avbryt svar